Nettbasert etablerarkurs i region Sogn og Fjordane
Samling 9/9
17. juni - Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen
Har du ein idé og lyst til å starte bedrift? Eller ønskjer du å vidareutvikle ein ny forretningsidé i bedrifta di? Lurer du på korleis du skal gå fram for å finne ut om du skal satse på dette?
Kurset går over 9 nettbaserte samlingar frå 25. mai til 17. juni. Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla! Programmet er gratis.
I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du hjelp og rettleiing til å svara på spørsmål som:
Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?
Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta?
Kven kan hjelpa meg – korleis? Og kva må eg sjølv gjera?
Entreprenørskap handlar om å oppdaga og undersøka moglegheiter til å skapa varer og tenester
I løpet av programmet blir du introdusert til:
ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt
ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo
rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din
Det nettbaserte programmet går over 18 dagar og består av 9 nettbaserte-samlingar på 60-90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.
Kven passar dette for?
Programmet passar for deg som tenker på å starta ei bedrift eller har eit prosjekt som du ønskjer å vidareutvikla. Kurset er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eigen kompetanse om entreprenørskap og få råd og rettleiing i samband med utvikling av eigen forretningsidé. Programmet er lagt opp slik at du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre i same situasjon.
Program våren 2020
I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du svar på dette - og mykje meir. Mellom samlingane får du arbeide med å utvikle prosjektet ditt, og du får individuell oppfølging av rådgjevarane våre.
Alle samlingar er online og startar kl. 19.00
25. mai - Innleiing, forventingar og moderne entreprenørskapsmetodar.
26. mai - Føremål; motivasjon, verdiar og langsiktig mål.
28. mai - Ressursane dine som grunnlag for konkurransefortrinn.
02. juni - Forretningsideane dine og korleis du kan teste dei med mogelege kundar.
04. juni - Forretningsmodell; kundar, verdiløfte, produkteigenskapar, partnarar, marknadsføring, sal og prising.
08. juni - Mål; korleis overføre strategien til det daglege arbeidet?
10. juni - Oppgåvene som er naudsynte for å nå måla dine?
15. juni - Økonomi, inntjening, likviditet, finansiering og formelle krav
17. juni - Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen