Stad: Webinar
Pris: Gratis

Ei rekke tiltak skal hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa, men få kan spå korleis det eigentleg ser ut på den andre siden av pandemien. Skal vi jobbe for å kome tilbake der vi slapp? Kvar går vi når kjente vegar er stenge, men nye og ukjente område er opne? Dette er tema for Innovasjonstalen 2020! 

Årets Innovasjonstale blir nettbasert. Vi presenterer ny kunnskap om tilstanden for norske verksemder, stiller utfordrande spørsmål og prøver å peike i retning av kvar svara kan ligge. Ingen kan føresjå følgjene av pandemien. No samlar vi nokre av dei skarpaste hovuda for å diskutere norske mogelegheiter.          

Næringslivet jobbar over heile landet, og det gjer vi også. Difor er del ein av Innovasjonstalen 2020 felles for alle, mens del to er delt etter fylka. Kva mogelegheiter ser vi og våre partnarar i dei ulike regionane i Noreg?

Møt mellom andre Birgit Liodden, Børge Brende, Thina Saltvedt, Morten Fon, næringsministar Iselin Nybø og Håkon Haugli. Høyr kva lokale næringslivsaktørar og verjsender meiner, og korleis regionleiarane vurderer situasjonen.

Innovasjonstalen 2020 – det er no vi legg planane for det som skjer etter etterpå.