Næringshagar

Ein næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr bedriftsrådgiving, hjelp til utvikling av forretningsidé, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver til ein subsidiert kostnad. Næringshagen skal vere ein aktiv tilbydar og tilretteleggar av kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt vere ein attraktiv møteplass og samhandlingsarena for verksemdene. Ei av dei viktigaste oppgåvene for næringshagane er å koble verksemdene til relevante fagmiljø, FoU-miljø, andre innovasjonsselskap, investeringsmiljø, samt offentleg verkemiddelapparat.

Finn din næraste Næringshage

Næringshagane i Nordfjord er eit samarbeid mellom Stryn- og Nordfjordeid Næringshagar – to kommersielle ressurssenter og kompetansenettverk – med føremål om å fremje vekst og positiv utvikling av næringsliv og samfunn.

Sognefjorden Næringshage har base i Aurland, men hjelper bedrifter i heile Sogn. Dei samarbeider tett med Sogn Næring som har god oversikt over bedriftene i Sogndal og Vik, og kompetansen i Sogn Næring er ein viktig ressurs inn i arbeidet med næringshageprogrammet. Dei arbeider med nettverk, arrangement og prosjekt. Tilbyr møterom og kontorlokale.

 

Går du med ein god ide du vil realisere, eller har din bedrift vekstpotensiale? Klar Bedrift arbeider med innovasjon og verdiskaping for både nye og eksisterande bedrifter.

Base i Sløvåg, men dekker Nordhordland, Gulen, Solund, Hyllestad og Sør-Høyanger

 

Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Dei er ein naturleg partner i lokal og regional næringsutvikling.

Dei dekker kommunane Voss, Kvam, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvinnherad

 
 

Medvind24 Næringshage legg til rette for nyskaping og vekst i eksisterande næringsliv i Etne og Vindafjord. Dette gjer dei gjennom rådgjeving, prosjektleiing, kompetanseheving, nettverksbygging, samlokalisering og kommunikasjonsarbeid gjennom eigen nyhendekanal.

 

SIVA

Siva har operatøransvaret for næringshageprogrammet, medan fylkeskommunen er oppdragsgjevar. Med ein visjon om å «Utvikle bærekraftig og fremtidsrettet næringsliv i distriktene» bidrar Siva med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 38 næringshager over heile landet.

Gjennom næringshageprogrammet bidreg Siva med 1,8 – 3,6 millionar kroner i årleg tilskot som kvar næringshage nyttar til å utvikle verksemder. Næringshagane får òg tilgang til utdanningsprogram, kurs, nettverksarenaer, metodikk, malar og beste praksis for forretningsutvikling og kommersialisering.


Vekst- og gründertelefonen - lyst å sparre med nokon om ideen din?

Du kan ringe Vekst- og gründertelefonen for å diskutere idèen din. Vekst- og gründertelefonen er eit gratis tilbod frå Innovasjon Noreg. Telefonen er ope frå måndag til fredag mellom kl 09.00 og 15.00.