Gründermiljø
Finn gründermiljø og folk med kompetanse tilpassa behova dine
Ynskjer du å treffe fleire gründerar, idéskaparar, entreprenørar eller rådgjevarar i Vestland? Desse miljøa kan vere ein viktig ressurs i oppstartfasen av prosjektet ditt. Gründermiljøa kan hjelpe deg med å utvikle nettverk, finne kontorplass, få finansiering, rådgjeving og kompetanse.
PEAK Sunnfjord er eit nytt og dynamisk kontorfellesskap for gründarar, oppstartselskap, etablerte teknologibedrifter og verkemiddelapparatet, i sentrum sør midt i Førde i Sunnfjord.
FuS er kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal. FuS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte. Du får tilgang til rådgjevarar, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, og sjølvsagt kontorfasilitetar og møterom. I retur ønskjer FUS at alle deltek i fellesskapet, er dedikert og arbeider målretta.
Gründerparken Vest ynskjer å utvikle eit inkubatormiljø og kompetansesenter som består av etablerte, livskraftige og samfunnsengasjerte næringar. Føremålet er å auke innovasjonen for levedyktige verksemder som vil kunne gi arbeidsplassar og auka skatteinntekter for den nye storkommunen. Gründerparken Vest har et tett samarbeid med Nyskapingsparken/BTO i Bergen.
Social Impact Lab er nettverksarena og fagmiljø for sosialt entreprenørskap og held til i Engen 30 i Bergen. Social Impact Lab arbeider for å gjera vegen frå idé til realisering enklare for sosiale entreprenørar, med fokus på å bidra til ein meir berekraftig utvikling. Social Impact Lab støttar særleg gründerane som har løysingar innan helse, inkludering og miljø.
PEAK Florø er eit kontorfellesskap midt i sentrum av Noreg sin vestligaste by, Florø, og er ein del av PEAKSPACE-nettverket. Kontorfellesskapet består av fleire typar verksemder og aktørar; både teknologisk retta startups og små- og mellomstore verksemder i tillegg til tradisjonelle aktørar frå lokale industrinæringar og bransjar i regionen.
Vekst- og gründertelefonen - lyst å sparre med nokon om ideen din?
Du kan ringe Vekst- og gründertelefonen for å diskutere idèen din. Vekst- og gründertelefonen er eit gratis tilbod frå Innovasjon Noreg. Telefonen er open frå måndag til fredag mellom kl 09.00 og 15.00.