Velkommen til SkatteFUNN-webinar 24. juni!
Har du planar om å utvikle noko nytt, og lurer på om SkatteFUNN er noko for di bedrift? Delta på digitalt møte onsdag 24. juni og lær om ulike moglegheiter, få tips til korleis komme i gang, og høyr frå Nomek i Stryn som har lukkast med bruk av SkatteFUNN. Det er òg høve til å diskutere prosjektidéen din med rådgjevarar.
Velkommen til ein dag med inspirasjon og informasjon om moglegheiter for finansiering til forskings- og innovasjonsprosjek! Arrangementet er gratis, men du må melde deg på for å delta.
Du får lære meir om SkatteFUNN og om korleis forsking og utvikling kan bli ein del av innovasjonsprosessen. Vi går gjennom kva type utviklingsaktivitetar som er omfatta av SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet. Det vert òg informasjon om endringane i ordninga som er innført frå 2020. Det vert hovudvekt på SkatteFUNN, men du får òg ei kort orientering om andre aktuelle ordningar for finansiering av FoU-aktivitetar.
Forsking og innovasjon i praksis
Du vil få presentert eit praktisk eksempel frå ei bedrift som har fått resultat av å tenke nytt. Jon-Rune Heimlid i Nomek deler sine erfaringar med SkatteFUNN, og fortel om korleis og kvifor dei arbeider med med innovasjon og utvikling.
Ein-til-ein møter med rådgjevar
Ønskjer du ein-til-ein møte med rådgjevar om konkrete innovasjonsprosjekt i bedrifta di, bookar du det i påmeldingsskjemaet. Her kan du få få råd om korleis du set opp eit godt prosjekt og fyller ut eit søknadsskjema. Om du ikkje har idéen til SkatteFUNN-prosjektet ditt heilt klar, kan du lufte den med rådgjevarane. Vi tek kontakt med deg for å avtale møtetidspunkt i tidsrommet kl. 12:00 - 14:00 same dag.
Eit nytt produkt, ei ny teneste eller ein ny produksjonsprosess?
SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknadar til ordninga har problemstillingar innanfor alle fagområde. SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten.
Søkjer du innan 1. september, er du garantert å få søknaden handsama i 2020.
SkatteFUNN-webinaret blir arrangert av Stryn næringshage, Vestland fylkeskommune sitt VRI-4 prosjekt (Verkemiddel for regional innovasjon) og Forskingsrådet. Rådgjevarar i ein-til-ein samtalane vil vere kompetansemeklarane i VRI4-prosjektet: Jøril Hovland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Paul Jacob Helgesen, Segel AS, og Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking. Frå Forskingsrådet møter du regionansvarlege Merete Lunde og Rigmor Fardal, som er sakshandsamar for SkatteFUNN.
Ved stor pågang vil bedrifter i Vestland bli prioritert.
Velkomen!
Program
09:00 Velkommen, ved Knut Henning Hjellbakk, dagleg leiar, Stryn Næringshage
09:10 FoU som verktøy for innovasjon, ved Merete Lunde, regionansvarleg Vestland, Forskingsrådet · Introduksjon til SkatteFUNN
Kva og korleis? ·
Kort om aktuelle finansieringsordningar for næringslivet i Forskingsrådet, og i det regionale VRI4-prosjektet (Verkemiddel for regional innovasjon)
Koronatiltak
09:45 Forsking og innovasjon i praksis, ved Jon-Rune Heimlid, dagleg leiar, Nomek
Korleis arbeider vi med innovasjon og utvikling i Nomek, og våre erfaringar med SkatteFUNN.
10:10 SkatteFUNN-kurs, ved Rigmor Fardal, Forskingrådet
Del 1 - Generell informasjon om SkatteFUNN
Del 2 - Nokre eksempel på godkjente prosjekt
Del 3 - Kriteriar for godkjenning
Del 4 - Prosjektrekneskap og oppfølging
11:10 Pause/lunsj
11:30 Spørsmål, oppsummering frå formiddagen og tips til korleis komme i gang med prosjektutvikling, ved Rigmor Fardal og Merete Lunde, Forskingsrådet
12:00 - 14:00 Ein-til-ein møter med rådgjevar ·
Praktisk arbeid med prosjektutvikling for dei som allereie har ein ide om eit nytt produkt, ny teneste eller ny prosess. Få tips til korleis bygge opp og skrive søknaden din
Lufting av nye idear til eigne prosjekt og samarbeidsprosjekt
Meld frå i påmeldingsskjemaet om du ønskjer ein-til-ein møte med rådgjevar. Vi tek kontakt og avtalar tidspunkt med kvar enkelt.