Har du testa forretningsideen din?
Fredag 9.desember kl.10 til 12 inviterer Sogn Næring til introduksjonskurs og praktisk bruk av forretningsmodellering!
Forretningsideen beskriv kva bedrifta skal gjere, medan forretningsmodellen fortel korleis bedrifta skal gjennomføre det i praksis. Etter kurset vil deltakarane kunne bruke modellen og verktøya på eigen idé i eiga verksemd.
I løpet av totimars introduksjosnkurset skal du lære å bruke Business Model Canvas på din eigen idé, og forretningsmodellen vil hjelpe deg å svare på; Kva skal du levere? Kven er kunden? Kven er venner og konkurrentar? Korleis skal du selje? Korleis skal du ta betalt? Korleis skal du levere?
Kurset vert halde av Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. kl. 12 avsluttar vi økta, og deltakarane får servert risengrynsgraut (med mandel!) til lunsj.
Innovasjon Noreg ved Reidun Nesheim er også tilgjengeleg for ein samtale denne dagen dersom de vil teste idéen på ho.
Kurset inkluderer lunsj og er gratis. Send ein e-post til Lisbeth Bringebøen, lisbeth.bringeboen@sognnaring.no, og meld deg på innan onsdag 7.desember!