- 13.desember kl. 10-12:30
- Sunnfjord Næringsutvikling sine lokala
- Gratis
Kurset er i regi av Innovasjon Noreg og deira kontaktperson er Egil Henning Ytroy.
Frå idé til marknad - Førde
Vegen frå idé til marknad startar med å la kundane avgjere om idéen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle idéen din, og korleis Innovasjon Noreg kan hjelpe deg på vegen.
Vi vil gå gjennom:
- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
- Etablerartilskot– Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din
På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå. For å få maksimalt utbytte av samlinga ynskjer vi derfor å bruke idéen til ein av deltakarne som case. Tek du utfordringa? Fortell oss i så fall dette når du melder deg på. Det er ein ypparleg sjanse til å teste idéen din og få verdifulle tilbakemeldingar.
Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter (speed dates).