Temakurs i sal
Målet med kurset er å gje grunnleggande forståing for salsprosessen og sjå at god førebuing og planlegging er viktigare enn medfødte eigenskapar.
Korleis arbeider vi oss gjennom kurset:
Vi vekslar mellom presentasjonar og praktisk arbeid med eigen forretningsidé/bedrift. Vi gjev opplæring i verktøy for salsplanlegging, kva jobb vi skal gjere for kunde og arbeid med dataljane i leveransen. Slik vil vi gje deltakar ei praktisk tilnærming til salet sine ulike fasar og kva som skal til.
Viktige tema vi er innom:
- Korleis avdekker vi kunde sitt eigentlege behov
- Detlajane i leveransen, kundereisa som verktøy
- Salsteknikk i teorien
- Avsluttningsteknikkar
- Fallgruver
- Salsplanlegging, presentasjon av eit verktøy
- Korleis komme i kontakt med kunden og vekke interesse
- Service og kundehandsaming
- Meirsal og kundetilfredsheit
Korleis førebur du det:
- Ta med skrivesaker og gjerne bærbar PC
Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.