RASK OPPSTART - Program for gründarar med gode idéar og dårleg tid!

RASK OPPSTART - Program for gründarar med gode idéar og dårleg tid!

Har du ambisjonar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Då er Kunnskapsparken Vestland sitt program for RASK OPPSTART noko for deg!  Dette er ein unik mogelegheit for deg som har ein idé eller treng hjelp med vidare vekst av startup i tidleg fase. Vi vil møtast til 4 samlingar, og du vil få mogelegheit for oppfølging og rådgjeving frå våre forretningsutviklarar etter kvar samling.

Gjennom samlingane vil vi gå strategisk igjennom korleis du raskt og smidig kan realisere ideen din. Du vil òg møte andre gründere for erfaringsutveksling og nettverk.

«Rask Oppstart» er blir gjennomført med 100% innovasjonsstøtte, og er dermed gratis for deltakarar. Det passer for gründere og oppstartsbedrifter i tidleg fase som vil utvikle noko nytt, og som har ambisjonar om å vekse.

Les meir om programmet her, eller ta kontakt med Forretningsutviklar Sigrid Førde i Kunnskapsparken Vestland for meir informasjon om «Rask Oppstart»

Rask oppstart - for gründerar med gode idèar (går over 3 månader à 4 samlingar)

Har du ambisjonar om å utvikla eit nytt produkt eller ny teneste for ein nasjonal eller internasjonal marknad?

Då er Kunnskapsparken Vestland sitt program for RASK OPPSTART ein unik moglegheit for deg. Du vil i løpet av 4 samlingar og ein-til-ein oppfølging få rådgjeving frå erfarne forretningsutviklarar om korleis du raskt og smidig kan realisera idèen din. Du vil òg møta andre gründerar for erfaringsutveksling og nettverk.

Tema på samlingane

Programmet går over 3 månader og består av 4 samlingar med fyrste samling den 29.04.22.
Det vil være 1:1 oppfølging mellom samlingane.

Samling 1 - Kven er kunden?
Samling 2 - Kva kan du gjera for kunden og korleis kjøper kunden produktet ditt?
Samling 3 - Korleis tena pengar og korleis designa og utvikla produktet?
Samling 4 - Korleis skalera og veksa, og korleis laga ein god pitch?

Programmet er finansiert av Kunnskapsparken Vestland, SIVA og Vestland fylkeskommune, og er gratis for deltakarane.

Det er 10 plassar på kurset med fortløpande opptak.

Våren 2022 - Fleire nye etablerarkurs i region Sogn og Fjordane

Våren 2022 - Fleire nye etablerarkurs i region Sogn og Fjordane

Våren 2022 blir det fleire nye nettbaserte etablarkurs.

Første kurs har oppstart i januar og går over ein månad. Kursa inneheld 8 nettbaserte samlingar på 60-90 min kvar, og to fysiske samlingar. Kurset er gratis og støtta av Vestland fylkeskommune.

Du lærer:

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?

  • Korleis kjem eg i gang med å etablera eiga verksemd? Og kvar bør eg starta?

  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og granska potensialet til å skapa varer og tenester.

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk steg-for-steg metode for idéutvikling og oppstart av bedrift.

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt eige tempo. 

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din.

Startdato for neste kurs

Avsluttett! 12. Februar 2022 kl. 12:00 - PÅMELDING OG MEIR INFO

05. Mars 2022 kl. 10:30 - In English - READ MORE AND SIGN UP ( Format: 4 weeks - 8 online sessions - 2 physical gatherings (if possible) - Individual follow-up by advisors

Språk: Norsk, English

Format: 4 veker - 2 fysiske samlingar - 8 online sesjonar - Oppfølging frå rådgjevar


Ynskjer du fagleg påfyll?

Ynskjer du fagleg påfyll?

Fleire høgskular og utdanningsinstitusjonar tilbyr restplassar til fulltid-, deltids-, og gradsstudium. Bruk sjansen til å fylla på med kunnskap i haust

Covid-19 har kanskje medverka til å gje deg ekstra tid eller ekstra motivasjon til å skaffa deg fersk kompetanse? Då kan du nytta høvet til å fylle på med litt ekstra kunnskap – og Driftig har plukka ut nokre tilbod til deg som kan vera verdt å vurdera.   

unsplash-image-smgTvepind4.jpg

– Arbeidslivet er i endring, og me er aldri utlærde, seier Anne-Kathrine Torvund som arbeider med gründerstøtte og etablerartilbod i Vestland fylkeskommune, og held fram: – Me er inne i ein periode med stor teknologisk utvikling, med store utsikter knytt til digitalisering, automatisering, nye materiale og bioteknologi, samstundes som me står midt i eit grønt skifte. I tillegg er det demografiske utfordringar som vil krevja høg yrkesdeltaking og forlenga yrkeskarriere. Kunnskapspåfyll kan vera del av løysinga, seier Torvund.

Aktuelle kurs hjå Handelshøgskulen BI, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Noregs miljø og biovitenskapelege Universitet (NMBU)

Handelshøgskulen BI

Handelshøgskulen BI har teke kontakt med Driftig for å selja inn relevante kurs for gründerar og forretningsutviklarar. Særleg «Berekraft som konkurranseføremon» og «Digital forretningsforståing» kan vere god kunnskap å ta med seg inn i framtida.

  • Berekraft som konkurranseføremon

FNs berekraftsmål fører til til at rammevilkår i offentleg og privat sektor er i ferd med å verte endra. Krav til grøn vekst, teknologiske nyvinningar og auka fokus på berekraftige produkt og tenester påverkar forretningsmodellar og praksis blir utfordra, tenester digitalisert og verdikjeder transformert. Parallelt blir framtida sine forbrukarar trekt mot verksemder som ønskjer å gjera sitt til ei positiv endring i verda. Det leiar næringslivet i retning av ikkje berre finansiell avkastning, men òg sosialt ansvar som påverkar strategi, marknadsføring og kommunikasjonsform. Les meir om Berekraft som konkurranseføremon.

  • Digital Forretningsforståing

Digitale teknologiar som stordata, maskinlæring, sensorar og skyteneste har for lengst gjort sitt inntog i norske private og offentlege verksemder. Digitalisering av varer, tenester og prosessar fører til nye og disruptive forretningsmodellar, som har stor påverknad på og transformerer dei fleste sektorar i nærings- og arbeidsliv. Kurset gjev ei overordna forståing for korleis tilgjengeleg digitalt innhald grip inn i sentrale prosessar i verdiskapinga til verksemda. Kurset tek føre seg korleis verksemder kan nytta tilgjengeleg digitalt innhald som ressurs for å fremja lønsemd og konkurranseføremon, samt korleis auka grad av samhandling og delekultur påverkar strategisk tenking, bedriftskommunikasjon, marknadsføring og innovasjon.  Les meir om Digital Forretningsforståing.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har restplassar innan både masterutdanningar og etter- og vidareutdanningar. Kanskje tida er moden til å starta på master i innovasjon og entreprenørskap heiltid eller deltid i Bergen? Om 120 studiepoeng er litt vel omfattande, kan kanskje 15 studiepoeng Digital strategi og forretningsforståing i Bergen vere meir overkomeleg? Sjå alle ledige studieplassar til HVL.

Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet

NMBU tilbyr ekstraordinær tilgang til gratis og fleksible utdanningstilbod hausten 2021. Desse kursa er primært for nyutdanna, unge utan mykje jobberfaring, arbeidsledige og permitterte. Kursa er på 5 og 10 studiepoeng og du kan ta kurs i Økonomistyring, excel for økonomar, praktisk endringsleiing, klimaøkonomi, frå idè til prosjekt og mykje meir. Sjå kurstilbodet til NMBU.


Fylkeskommunen sine eigne kurs

Kursa og programma nemde i denne teksten er ikkje utfyllande, men berre eit lite utval av alle kurs på høgskule- og universitetsnivå som kan vera aktuelle for gründerar og tilsette i offentleg og privat sektor. 

Fylkeskommunen i Vestland tilbyr eit eige kursprogram hausten 2021 for gründerar og etablerarar. Kursprogrammet blir annonsert så snart det er klart.

Pris

HVL: Kun semestervgift på masterprogram, til kr 34 900 for 15 studiepoeng i Digital Forretningsforståing

BI: 19 000 for 7,5 studiepoeng. Programma er delt i 3 deler, kan ta kun deler av programma til tilsvarande redusert pris.

NMBU: Kun semesteravgift kr 470.


Siste sjanse til å bli med på etablerarprogrammet

driftig.jpg

Visste du at om lag 70 prosent av dei som deltek på etablerarprogrammet vårt er i idèfasen? 20 prosent av deltakarane er klar til å testa idèen sin, medan 10 prosent har allereie kundar! Og ambisjonsnivået? Om lag 20 prosent ynskjer å utvikla ein hobby og sjå korleis det går. 35 prosent ynskjer å kunna dekka eiga løn. 30 prosent vil at fleire enn ein person skal kunne leva av verksemda, og 15 prosent ynskjer å utvikla ei stor verksemd med mange tilsette! Det er òg eit vidt spekter av idèar frå vestlandet, og fleire ynskjer å starta noko innan reiseliv, opplevingar og lokalmat, butikk og varehandel, forretningsmessig tjenesteyting og kulturelle- og kreative næringar.

Bli med på etablerarprogrammet du og - det er garantert nokon som er i same fase som du, kanskje òg i same bransje, som du kan læra av og med, og kanskje blir dei ein del av det verdifulle nettverket ditt på sikt?

Siste planlagde etablerarprogram startar 7. juni og går over ni samlingar.

Innovasjonsuken OPP 2021

Innovasjonsuken OPP 2021

13.-19.september blir vestlandet sin store innovasjonsfestival arrangert. Innovasjonsuken OPP er ei viktig samlingsarena for alle som er opptekne av innovasjon og entreprenørskap.

Styrka innovasjonskrafta

Rolf Sørland, styringsgruppeleder for Innovasjonsuken OPP 2021

Rolf Sørland, styringsgruppeleder for Innovasjonsuken OPP 2021

Innovasjonsuken OPP skal løfta fram og støtta initiativ som er med på å skapa nye arbeidsplassar, byggja verdiar og fremja nye og berekraftige løysingar.

- Den overordna målsetnaden med Innovasjonsuken OPP er å styrka Vestlandsregionen gjennom vidareutvikling av økosystemet vårt for innovasjon og entreprenørskap. Dette økosystemet har hatt ei positiv utvikling dei siste åra og denne trenden ynskjer me å forsterka, sier årets styringsgruppeleiar, Rolf Sørland fra Innovasjon Norge Vestland.

Innovasjonsuken OPP skal bestå av fagleg påfyll med akademia, redaksjonell rundreise i innovasjonsmiljøa på vestlandet, hackethons for å løysa relevante samfunnsutfordringar, aktuelle næringslivssamtalar og mykje meir.



Fire nye nettbaserte etablerarkurs i region Sogn og Fjordane

Fire nye nettbaserte etablerarkurs i region Sogn og Fjordane

Våren 2021 blir det fire nye nettbaserte etablerarkurs

Kursa har ny oppstart kvar månad i januar, februar, mars og april, og går over ni nettbaserte samlingar på 60-90 min kvar.

Du lærer:

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?

  • Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta? 

  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og granska potensialet til å skapa varer og tenester

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk steg-for-steg metode for å utvikla entreprenørielle prosjekt

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo 

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Det nettbaserte programmet går over 18 dagar og består av ni nettbaserte-samlingar på 60-90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.

Skjermbilde 2020-09-23 kl. 11.32.01.png

Nettbasert etablerarkurs i region Sogn og Fjordane

Nettbasert etablerarkurs i region Sogn og Fjordane

Hausten 2020 vert det tre nettbaserte etablerarkurs for etablerarar i Sogn og Fjordane!

Kurset går over ni nettbaserte samlingar. Det fyrste kurset har oppstart kl. 19.00 kvar gong, dei to neste har oppstart kl. 16.30. Kursstart for kvar bolk er 13. oktober (kurset startar kl 19 kvar gong), 2. november (Kurset startar kl 16:30 kvar gong) og 30. november (Kurset startar kl 18:30 kvar gong). Meld deg på det kurset som høver best for deg!

Skjermbilde 2020-09-23 kl. 11.32.01.png

I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du hjelp og rettleiing til å svara på spørsmål som:

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?

  • Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta? 

  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og undersøka moglegheiter til å skapa varer og tenester

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo 

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Det nettbaserte programmet går over 18 dagar og består av ni nettbaserte-samlingar på 60-90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.

Kurs #1 – Start kl 19 kvar gong

13/10 - Introduksjon: ein moderne entreprenørskapsmetode

15/10 - Føremål: eigen motivasjon, verdiar og mål – og dine Ressursar

20/10 - Forretningsidé, kjernekompetanse, kjernebidrag og kjernemarknad

22/10 - Forretningsmodell - samskaping, verdiløfte, produkteigenskapar, økosystem og partnarar, sals- og prismodell

27/10 - Mål - korleis overføre strategi og forretningsmodell til dagleg utvikling?

29/10 - Kva oppgåver er naudsynte å gjere for å nå måla dine?

03/11- Økonomi, inntening, likviditet og finansiering

05/11 - Presentasjonar og avslutning

Kurs #2 - Start kl 16.30 kvar gong

02/11- Introduksjon: ein moderne entreprenørskapsmetode

04/11 - Førmål: eigen motivasjon, verdiar og mål

06/11 - Ressursar som grunnlag for konkurransefortrinn

09/11 - Forretningsidé, kjernekompetanse og kjernemarknad

11/11 - Forretningsmodell - samskaping, verdiløfte, produkteigenskapar, økosystem og partnarar, sals- og prismodell

13/11 - Mål - Korleis overføre strategi og forretningsmodell til dagleg utvikling?

16/11 - Kva oppgåver er naudsynte å gjere for å nå måla dine?

18/11 - Økonomi, inntjening, likviditet og finansiering

20/11 - Presentasjonar og avslutning

Kurs # 3 - Start kl 16.30 kvar gong

23/11 - Introduksjon: ein moderne entreprenørskapsmetode

25/11 - Førmål: eigen motivasjon, verdiar og mål

27/11 - Ressursar som grunnlag for konkurransefortrinn

30/11 - Forretningsidé, kjernekompetanse og kjernemarked

02/12 - Forretningsmodell - samskaparar, verdiløfte, produkteigenskapar, økosystem og partnarar, sals- og prismodell

04/12 - Mål - Korleis overføre strategi og forretningsmodell til dagleg utvikling?

07/12 - Kva oppgåver er naudsynte å gjere for å nå måla dine?

09/12 - Økonomi, inntjening, likviditet og finansiering

11/12 - Presentasjonar og avslutning


Søk om støtte frå Etablerarfondet

Søk om støtte frå Etablerarfondet

No kan du søkje Etablererfond om inntil 50 000 kr til å gjennomføre nødvendige tiltak i oppstartsfasen

Er du heimehøyrande i Bergensregionen, Sunnhordaland eller Hardanger? Er du gründer i oppstartsfasen eller vurderer du å starte ny verksemd? Har du starta bedrift i 2019 eller seinare?

Då kan du søkje støtte frå Etablererfondet.

Kva du må vite om Etablererfondet

etablerersenteret-business-factory-cecilie-bannow-all-rights-reserved-8923.jpg
  • Støtta skal gje deg høve til å skaffe deg kompetanse om marknad og økonomi.

  • Etablererfondet følger “førstemann til mølla”-prinsippet, og har ingen søknadsfrist. Ver tidleg ute med å søkje om støtte.

  • Støtta gjeld for deg som skal registrere verksemda di i Bergensregionen, Sunnhordaland eller Hardanger. For resterande kommunar i Vestland gjeld kommunale næringsfond. Kommunale næringsfond er til politisk handsaming 16.april, og meir informasjon vert tilgjengeleg etter dette.

  • Etablererfondet kjem frå Vestland Fylkeskommune. 

Slik søker du

Du sender søknad elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no

Dersom du har organisasjonsnummer skal du registrere deg som organisasjon. Om du ikkje har oppretta eit føretak enno, skal du registrere deg som privat. Når du har logg adeg inn kjem du til det som heiter “Startside søker”.