Fleire høgskular og utdanningsinstitusjonar tilbyr restplassar til fulltid-, deltids-, og gradsstudium. Bruk sjansen til å fylla på med kunnskap i haust
Covid-19 har kanskje medverka til å gje deg ekstra tid eller ekstra motivasjon til å skaffa deg fersk kompetanse? Då kan du nytta høvet til å fylle på med litt ekstra kunnskap – og Driftig har plukka ut nokre tilbod til deg som kan vera verdt å vurdera.
– Arbeidslivet er i endring, og me er aldri utlærde, seier Anne-Kathrine Torvund som arbeider med gründerstøtte og etablerartilbod i Vestland fylkeskommune, og held fram: – Me er inne i ein periode med stor teknologisk utvikling, med store utsikter knytt til digitalisering, automatisering, nye materiale og bioteknologi, samstundes som me står midt i eit grønt skifte. I tillegg er det demografiske utfordringar som vil krevja høg yrkesdeltaking og forlenga yrkeskarriere. Kunnskapspåfyll kan vera del av løysinga, seier Torvund.
Aktuelle kurs hjå Handelshøgskulen BI, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Noregs miljø og biovitenskapelege Universitet (NMBU)
Handelshøgskulen BI
Handelshøgskulen BI har teke kontakt med Driftig for å selja inn relevante kurs for gründerar og forretningsutviklarar. Særleg «Berekraft som konkurranseføremon» og «Digital forretningsforståing» kan vere god kunnskap å ta med seg inn i framtida.
Berekraft som konkurranseføremon
FNs berekraftsmål fører til til at rammevilkår i offentleg og privat sektor er i ferd med å verte endra. Krav til grøn vekst, teknologiske nyvinningar og auka fokus på berekraftige produkt og tenester påverkar forretningsmodellar og praksis blir utfordra, tenester digitalisert og verdikjeder transformert. Parallelt blir framtida sine forbrukarar trekt mot verksemder som ønskjer å gjera sitt til ei positiv endring i verda. Det leiar næringslivet i retning av ikkje berre finansiell avkastning, men òg sosialt ansvar som påverkar strategi, marknadsføring og kommunikasjonsform. Les meir om Berekraft som konkurranseføremon.
Digital Forretningsforståing
Digitale teknologiar som stordata, maskinlæring, sensorar og skyteneste har for lengst gjort sitt inntog i norske private og offentlege verksemder. Digitalisering av varer, tenester og prosessar fører til nye og disruptive forretningsmodellar, som har stor påverknad på og transformerer dei fleste sektorar i nærings- og arbeidsliv. Kurset gjev ei overordna forståing for korleis tilgjengeleg digitalt innhald grip inn i sentrale prosessar i verdiskapinga til verksemda. Kurset tek føre seg korleis verksemder kan nytta tilgjengeleg digitalt innhald som ressurs for å fremja lønsemd og konkurranseføremon, samt korleis auka grad av samhandling og delekultur påverkar strategisk tenking, bedriftskommunikasjon, marknadsføring og innovasjon. Les meir om Digital Forretningsforståing.
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har restplassar innan både masterutdanningar og etter- og vidareutdanningar. Kanskje tida er moden til å starta på master i innovasjon og entreprenørskap heiltid eller deltid i Bergen? Om 120 studiepoeng er litt vel omfattande, kan kanskje 15 studiepoeng Digital strategi og forretningsforståing i Bergen vere meir overkomeleg? Sjå alle ledige studieplassar til HVL.
Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet
NMBU tilbyr ekstraordinær tilgang til gratis og fleksible utdanningstilbod hausten 2021. Desse kursa er primært for nyutdanna, unge utan mykje jobberfaring, arbeidsledige og permitterte. Kursa er på 5 og 10 studiepoeng og du kan ta kurs i Økonomistyring, excel for økonomar, praktisk endringsleiing, klimaøkonomi, frå idè til prosjekt og mykje meir. Sjå kurstilbodet til NMBU.
Fylkeskommunen sine eigne kurs
Kursa og programma nemde i denne teksten er ikkje utfyllande, men berre eit lite utval av alle kurs på høgskule- og universitetsnivå som kan vera aktuelle for gründerar og tilsette i offentleg og privat sektor.
Fylkeskommunen i Vestland tilbyr eit eige kursprogram hausten 2021 for gründerar og etablerarar. Kursprogrammet blir annonsert så snart det er klart.
Pris
HVL: Kun semestervgift på masterprogram, til kr 34 900 for 15 studiepoeng i Digital Forretningsforståing
BI: 19 000 for 7,5 studiepoeng. Programma er delt i 3 deler, kan ta kun deler av programma til tilsvarande redusert pris.
NMBU: Kun semesteravgift kr 470.