13.-19.september blir vestlandet sin store innovasjonsfestival arrangert. Innovasjonsuken OPP er ei viktig samlingsarena for alle som er opptekne av innovasjon og entreprenørskap.
Styrka innovasjonskrafta
Innovasjonsuken OPP skal løfta fram og støtta initiativ som er med på å skapa nye arbeidsplassar, byggja verdiar og fremja nye og berekraftige løysingar.
- Den overordna målsetnaden med Innovasjonsuken OPP er å styrka Vestlandsregionen gjennom vidareutvikling av økosystemet vårt for innovasjon og entreprenørskap. Dette økosystemet har hatt ei positiv utvikling dei siste åra og denne trenden ynskjer me å forsterka, sier årets styringsgruppeleiar, Rolf Sørland fra Innovasjon Norge Vestland.
Innovasjonsuken OPP skal bestå av fagleg påfyll med akademia, redaksjonell rundreise i innovasjonsmiljøa på vestlandet, hackethons for å løysa relevante samfunnsutfordringar, aktuelle næringslivssamtalar og mykje meir.