Kva er ei gasselle i Selje?

Paneda AS vart skipa i 200 av Oddvar Flølo, ein tv- og radioforhandlar i Selje. Gründaren hadde store problem med å få kablane fram over elver og grøfter i dei små bygdene på Sunnmøre og i Nordfjord. Dette måtte vel gå an å gjere trådlaust? Resultatet vart ei patentert oppfinning som gjer det mogleg å ta inn gode, digitale TV-signal på stader i satellittskugga. Selskapet har òg installert sikkerheitssystem i fleire tunnelar i samband med DAB-kringkastingen. I 2005 vart Flølo tildelt Innovasjon Noreg sin oppfinnar- og nyskapingspris: Reodorprisen.

BårdBasberg_Driftig_Facebook_Web.jpg

Nettverk

Ønskjer du å treffe gründerar, næringslivsaktørar, eller kanskje ein rådgjevar nær deg? På våre nettverkssider har me samla kontaktinformasjonen til rådgjevarar i alle kommunar i Vestland. Det er desse folka du bør prata med, og dei vil sette deg i kontakt med dei rette personane for deg.


Finansiering

På Driftig.no har me samla informasjon om kvar du kan søkje finansiering til ditt prosjekt. Du som vil starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland treng berre å leite på ein plass, me har samla informasjonen for deg.

Kurs

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs heile året, og fleire kurs er gratis. Sjå oversikt over alle kursa for å finne det som passar best for deg.

Verktøy

Me har samla gode verktøy du som gründer, oppstartsbedrift eller prosjektleiar kan ha bruk for. 

Kva skjer?

Kalenderen gir eit oversyn over kva som skjer i fylket av aktivitetar og kurs.