Korleis skaffe pengar til oppstart?
Her finn du informasjon om kvar du kan søkje finansiering til oppstart av bedrift.
Kommunale næringsfond
I Vestland fylke disponerer nokre kommunar lokale næringsfond som skal nyttast til nyetableringar og mindre prosjekt. Andre kommunar kan ha til dømes kraftinntekter som vert nytta til støtte til oppstartverksemder. Ta kontakt med fyrstelinjetenesta i din kommune for å finne ut om kommunen har tilskotsordningar for gründerar.
Offentlege tilskotsordningar vert lagt ut på Regionalforvaltning.
Innovasjon Noreg
Innovasjon Noreg har ei rekkje støtte- og finansieringsordningar for nyetablerarar. Dersom du ynskjer å søkje innovasjon Noreg om finansiering bør du ta kontakt med det lokale kontoret i fylket. Innovasjon Noreg har lokaler i Bergen, Førde og i Sogndal. Hjå dei vil du få vite om prosjektet ditt er aktuelt for finansiering, og kva støtteordning du kan søkje på.
Før du søkjer hos Innovasjon Noreg må du registrere bedrifta di. Det kan du gjøre på Altinn.
Kultur
Har du eit spennande kulturprosjekt du treng finansiering til? Ta kontakt med den lokale fyrstelinetenesta i kommunen din. Eller søk om kunstnarstipend frå fylkeskommunen.
Connect Vest
Connect Vest er ei non-profit medlemsforeining som hjelper gründerar og vekstselskap ved å kople dei til kompetanse og kapital.
Sparebanken Vest Næringsfond
Sparebanken Vest har sett av eit eige fond til gode idear. Ved spørsmål, kontakt Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Vestland.