Etablerarkurs er for deg som treng kompetanse og rådgjeving i samband med utvikling av eigen forretningside, eller berre er nysgjerrig.

Etablerakurset byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle verksemder uavhengig av bransje.

Kurset går utanfor vanleg arbeidstid. Kursa er gratis eller har kun ei mindre avgift.

Deltakarane får ei praktisk tilnærming til etablerarprosessen: Korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme og oppgåver undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Kurshaldar vil hjelpe den einskilde deltakar med å styrke sine relevante lokale, regionale, nasjonale eller internasjonale nettverk for å få framdrift i ei bedriftsetablering.

Kursa består av fleire samlingar og kvar deltakar får tilbod om individuell oppfølging av kurshaldar.


Kurs hausten 2021- nye kurs på anbod

Hausten 2021 tilbyr Vestland fylkeskommune ei ny kurspakke. Kurspakka blir annonsert i kalendaren når tilbodet er klart.


Nettbasert etablerarprogram våren 2021

Har du ein idé og lyst til å starte bedrift? Eller ønskjer du å vidareutvikle ein ny forretningsidé i bedrifta di? Lurer du på korleis du skal gå fram for å finne ut om du skal satse på dette?

Nettbasert etablerarprogram vert gjennomført kvar månad våren 2021, med oppstart kvar månad. Programmet går over ni nettbaserte samlingar. Alle samlingane startar kl. 17. Sjå alle datoar og tema for samlingane under.

Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla! Programmet er gratis.

I løpet av ni nettbaserte samlingar får du hjelp og rettleiing til å svara på spørsmål som:

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?

  • Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta? 

  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Skjermbilde 2020-05-07 kl. 10.02.46.png

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og granska høve til å skapa varer og tenester

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt

  • ei digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo 

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Det nettbaserte programmet går over 18 dagar og består av ni nettbaserte-samlingar på 60-90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.

Kven passar dette for? 

Programmet passar for deg som tenker på å starta ei bedrift eller har eit prosjekt som du ønskjer å vidareutvikla. Programmet er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eigen kompetanse om entreprenørskap og få råd og rettleiing i samband med utvikling av eigen forretningsidé. Programmet er lagt opp slik at du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre i same situasjon.

Program våren 2021

I løpet av ni nettbaserte samlingar får du svar på dette - og mykje meir. Mellom samlingane får du arbeide med å utvikle prosjektet ditt, og du får individuell oppfølging av rådgjevarar.

Alle samlingar er online og startar etter normal arbeidstid.

Samling 1 - Innleiing, forventningar og moderne entreprenørskapsmetodar.
Samling 2 - Føremål; motivasjon, verdiar og langsiktig mål.
Samling 3 - Ressursene dine som grunnlag for konkurransefortrinn.
Samling 4 - Forretningsideane dine og korleis du kan teste dei med mogelege kundar.
Samling 5 - Forretningsmodell; kundar, verdiløfte, produkteigenskapar, partnarar, marknadsføring, sal og prising.
Samling 6 - Mål; korleis overføre strategien til det daglege arbeidet?
Samling 7 - Oppgåvene som er naudsynte for å nå måla dine?
Samling 8 - Økonomi, inntjening, likviditet, finansiering og formelle krav
Samling 9 - Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen


Kursa er utvikla av fylkeskommunen, i samarbeid med Innovasjon Noreg, næringsselskap og kommunar.


Aktuelle kurs