Kontaktperson:
Lone Bareksten
Stilling:
Dagleg leiar, Aksello
Telefon: 47 26 26 35
Kinn
Aksello er fylkesdekkjande inkubator og Kinn kommune si fyrstelineteneste. Aksello har tilbod både til nystarta og etablerte bedrifter, lokalt og regionalt.
Kinn kommune nyttar Aksello i arbeidet sitt med næringsutvikling. Aksello hjelper både deg som vil starte for deg sjølv og eksisterande bedrifter som ønskjer vekst og utvikling. Aksello kan møte deg både i Florø og Måløy. Gratis kontorplass og rettleiing er tilgjengeleg i ei oppstartsfase på inntil 3 månadar.
Du som gründer må vere førebudd på å jobbe mykje for å nå målet ditt. Aksello ønskjer å bidra til at du og din idé lukkast – og at de saman lukkast med auka vekst langs kysten.
Har du ein unik forretningsidé du vil utvikle?
Ynskjer du å starte di eiga verksemd?
Ynskjer du råd og rettleiing til korleis du bør gå fram?
Trenger du tips til korleis få midlar til å starte opp?
Svarer du ja på desse spørsmåla, er du på rett plass!
Aksello tilbyr etablerarar følgjande:
Rettleiing og bistand i vurderinga idéen din
Rettleiing i etableringsfasen til mellom anna kartlegging av marknaden, forretningsplan, kurs og finansiering
Kontorplass for gründerar og etablerarar – i eit opent landskap
Kontaktskaping og nettverk
Aksello forvaltar Kommunalt Næringsfond. Kontakt Lone på lone@aksello.no for meir informasjon, eller gå til Regionalforvaltning for å søke.
For hjelp til etablering i landbruket, kontakt rådgjevar Janne Midtbø, janne.midtbo@vagsoy.kommune.no, tlf 578 45 071 / 977 72 582.