Bli med på Motivasjonsføredraget med Ronny Hansen. Føredraget gir oss ei forståing av kvifor me er som me er og gjer som me gjer. Dette kan gje oss ei rekkje a-ha opplevingar!
Føredraget gir ei rekkje enkle og raske teknikkar som du kan bruke i kvardagen din, teknikkar som er klare til å nyttast med ein gong.
Føredragshaldar Ronny Hansen har meir enn 40 års pedagogisk erfaring og har halde føredrag for privatpersonar og næringsliv i ei årrekkje, bl.a for Equinor og NSB. Hansen har ei fantastisk evne til å formidle spennande kunnskap om dei mentale ressursane våre.
Webinaret er gratis, og startar onsdag 27. januar kl 8:30. Du får lenka i epost i god tid før det startar.