Velkomen til frukostwebinar om internasjonal netthandel!
Skal du satse på netthandel til andre land? Då kan det vere lurt å setje av ein time saman med eksportsenteret til Innovasjon Noreg. I dette frukostwebinaret vil dei kome med tips til kva som er viktig å tenke på for deg som planlegg internasjonal netthandel.
Webinaret vil handle om
juridiske aspekt
toll- og merverdiavgift
logistikk og lagerhandtering
Webinaret passar for deg som har ambisjonar om å selge produkt til privatpersonar (B2C) online internasjonalt.