• DNB (map)
  • 7c Solheimsgaten
  • Bergen, Vestland, 5058
  • Norway

Har du ein digital strategi for verksemda di? Korleis ynskjer du å vere til stades i sosiale og digitale medier?

Når du etablerer ein verksemd er det mykje å tenke på og digital markedsføring er ei av dei viktige brikkene du må ha på plass.

Petter Omdal frå det digitale marknadsføringsbyrået Top of Mind AS kjem for å fortelje kva som kan vere lurt å gjere for å bygge opp visjon, identitet og synleghet i det digitale universet. Du får tips & triks om sosiale medier, nyttige verkemiddel og aktuelle trendar som kan gje verksemda di eit godt fundament for å vere synleg frå fyrste dag!

Top of Mind er et digitalt markedsføringsbyrå i Bergen som arbeider med digital marknadsføring på alle plan. Dei arbeider for om lag 50 små og store verksemder i Bergen, Stavanger, Oslo, Trondheim og Kristiansand som ynsker å vere til stades og synlege i sosiale- og digitale medier.  I samarbeid med kunden hjelper dei å utvikle ein digital strategi, godt innhold og analyse av resultat.

Dette Treffpunktet er arrangert i samarbeid mellom Etablerersenteret og DNB