Nettbasert etablerarprogram
Det er klart for ny bolk med nettbasert etablerarprogram! Programmet har vore køyrd kvar månad i 2021, i tillegg til fleire gonger tidlegare. Nytt sjansen om du framleis ikkje har fått det med deg! Programmet er ope for alle som vil starta bedrift i Vestland.
Har du ein idé og lyst til å starte bedrift? Eller ønskjer du å vidareutvikle ein ny forretningsidé i bedrifta di? Lurer du på korleis du skal gå fram for å finne ut om du skal satse på dette?
Programmet går over ni nettbaserte samlingar. Den første samlinga er 7. juni. Alle samlingane startar kl. 16.
Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla! Programmet er gratis.
I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du hjelp og rettleiing til å svara på spørsmål som:
Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?
Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta?
Kven kan hjelpa meg – korleis? Og kva må eg sjølv gjera?
Entreprenørskap handlar om å oppdaga og undersøka moglegheiter til å skapa varer og tenester
I løpet av programmet blir du introdusert til:
ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt
ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo
rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din
Det nettbaserte programmet går over 18 dagar og består av 9 nettbaserte-samlingar på 60-90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.
Kven passar dette for?
Programmet passar for deg som tenker på å starta ei bedrift eller har eit prosjekt som du ønskjer å vidareutvikla. Programmet er for deltakarar tilhøyrande i Vestland som ønskjer å utvikla eigen kompetanse om entreprenørskap og få råd og rettleiing i samband med utvikling av eigen forretningsidé. Programmet er lagt opp slik at du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre i same situasjon.
Program Juni 2021
I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du svar på dette - og mykje meir. Mellom samlingane får du arbeide med å utvikle prosjektet ditt, og du får individuell oppfølging av rådgjevarane våre.
Kurs #6 - Juni - Start kl 16:00 kvar gong
07/06 - Introduksjon: ein moderne entreprenørskapsmetode
09/06 - Føremål: eigen motivasjon, verdiar og mål
11/06 - Ressursar som grunnlag for konkurransefortrinn
14/06 - Forretningsidé, kjernekompetanse og kjernemarknad
16/06- Forretningsmodell - samskaparar, verdiløfte, produkteigenskap, økosystem og partnarar, sals- og prismodell
18/06 - Mål - korleis overføre strategi og forretningsmodell til dagleg utvikling?
21/06 - Kva oppgåver er naudsynte å gjere for å nå måla dine?
23/06 - Økonomi, inntjening, likviditet og finansiering
25/06 - Presentasjonar og avslutning