I mai og juni arrangerer Forskingsrådet 14 webinar for søkjarar og andre som er nysgjerrige på SkatteFUNN. SkatteFUNN er ei skatteordning for verksemder i alle bransjar som skal fremja verksemda si investering i forsking og utvikling.
Verksemder kan gjennom SkatteFUNN få 19 prosent av kostnadane i eit forsking- og utviklingsprosjekt i skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret.
Forskningsrådet arrangerar digitale søkjarwebinar i mai og juni der du får veta meir om SkatteFUNN og kan få svar på spørsmåla dine.
Forsking og utvikling bidrar til at verksemder blir meir innovative og har betre føresetnader for å lukkast med omstilling. Forskingsrådet sine granskingar syner at om lag 90 prosent av verksemdene som starta SkatteFUNN-prosjekt dei to føregåande åra trur dei vil investera meir eller på same nivå dei neste 12 månadane. Difor trur forskingsrådet at du kan ha nytte av å søkja SkatteFUNN eller kanskje nokre av dei andre støtteordningene dei har for næringslivet.
Meld deg på webinar for din bransje
25. mai kl.10.00-11.30: Helsenæring
26. mai kl. 10.00-11.30: Reiseliv
28. mai kl. 10-11.30: IKT-næringen
1. juni kl 10.00-11.30: Olje og gass
2. juni kl. 10-11.30: Maritim
4. juni kl. 10-11.30: Finans og bank
7. juni kl. 10-11.30: Energi + Miljø
8. juni kl. 10-11.30: Vareproduserende industri + Varehandel
14. juni kl. 10-11.30: Transport og samferdsel
15. juni kl. 10-11.30: Media og kultur
15. juni kl. 12-13.30: Prosess- og foredlingsindustri
17. juni kl. 10-11.30: Næringsmiddel-industrien + Landbruk
21. juni kl.10-11.30: Fiskeri og havbruk
Dato kjem Bygg, anlegg og eiendom