Kurs i marknadsføring
- Arrangør: Sogn Næring
- Onsdag 19.oktober kl.12
- Fosshaugane Campus
- Maks 15 plassar
Lurer du på korleis du kan få fart på marknadsføringa? Vi tilbyr halvanna time marknadsføringskurs inkludert ein liten lunsjbite onsdag 19. oktober kl.12! Vi har maks 15 plassar på kurset, så send ein epost til lisbeth@sognnaring.no dersom du vil vere med! Målgruppa er gründerane knytt til gründerkontoret vårt som er i tidleg startfase. Ut over desse blir kurset fylt opp med dykk som kanskje er komne litt lengre i bedriftsutviklinga, eller framleis berre har ein idè og eit ynskje om å starte opp!
Kursinnhald marknadsføringsøkt: For å vite kva du kan kommunisere, og korleis du kan gjere det, må du først sjå om du har grunnmuren på plass. Har du ein ”elevator pitch”? Har du fastsatt kva verdiar du står for og kva løfter du vil gi dine kundar? Kurset startar med å gå tilbake til grunnlaget og sjå kva som er viktig å ha på plass. Du vil lære korleis du enkelt kan forme ein merkevareplattform som blir basen i all din kommunikasjon. Her vil Gasta design & kommunikasjonvise konkret korleis du kan gjere det, kva ein minimumspakke bør innehalde og litt om kva du kan forvente av kostnader.
Når merkevareplattforma er på plass, kan du lettare kommunisere med dine kundar. Du har en raud tråd i din kommunikasjon, noko som gjer at kundane dine lettare oppfattar kva du vil seie. Men korleis finn du kundane? Kva kanalar skal du nytte? Kva kan du fortelje? Drople vil vise korleis du kan gi kunden meir enn berre eit produkt. Content marketing handlar om å selje kunnskap til produktet, gode tips og råd, og gode historier frå eksisterande kundar eller potensielle bruksområder av produktet ditt. Når innhaldet er skapt, må du vite kvar du kan nytte det, korleis du følgjer opp dei kundane du har fått ein reaksjon frå - og korleis du kan sjå om det du kommuniserer treff kunden eller ikkje.
Kurset vil gje deg gode eksemplar og konkrete tips - til dømes kva tidspunkt det er smart å poste noko på Facebook.
Har du ytterlegare spørsmål eller konkrete utfordringar rundt marknadsføring? Gje oss gjerne ei tilbakemelding før kurset, så kan vi prøve å svare og hjelpe deg så godt vi kan.
Helsing, Sogn Næring