Kurset går over tre samlingar
- 15. september - frå kl. 17-21
- 21. september - frå kl 17-21
- 7.-8. oktober - frå kl 17-20 den 7.oktober og 9-14 den 8.oktober
Etablerarkurs byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.
Kurset gir ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Kvar deltakar får tilbod om individuell oppfølging.
Kursa er utvikla av Innovasjon Norge og fylkeskommunen i samband med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, næringsselskap og kommunar, og kostar ingenting for deltakarane!