Gründer om dagen...
...frikøyrar om kvelden
I Vestland er det enkelt å kombinera friluftsliv med jobb. Start dagen på kontorfellesskapet med andre gründerar - avslutt med hovudlykt og pudderplankar ned fjellsida. Uansett kva du ønskjer å driva med, så finn du hjelp til å koma i gang her.
Nettverk
Ønskjer du å treffe gründerar, næringslivsaktørar, eller kanskje ein rådgjevar nær deg? På nettsidene har me samla kontaktinformasjonen til rådgjevarar i alle kommunar i Vestland. Det er desse folka du bør prata med, og dei vil sette deg i kontakt med dei rette personane for deg.
Finansiering
På Driftig.no har me samla informasjonen om kvar du kan søkje finansiering til ditt prosjekt. Du som vil starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland treng berre å leite på ein plass, me har samla informasjonen for deg.
Kurs
Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs gjennom året, og fleire kurs er gratis. Sjå kursoversikta for å finna ut kva kurs som kan passa deg.
Verktøy
Me har samla gode verktøy du som gründer, oppstartsbedrift eller prosjektleiar kan ha bruk for.