Gründer heile tida…
... syklist i mellomtida!

I Vestland er det enklare å kombinera friluftsliv med jobb. Start dagen på kontorfellesskap med andre gründerar - nyt ettermiddagen på sykkel med flott utsyn mot Sognefjorden. Uansett kva du ønskjer å driva med, du finn hjelp til å koma i gang her.

BårdBasberg_Driftig_Facebook_Web.jpg

Nettverk

Ønskjer du å treffe gründerar, næringslivsaktørar, eller kanskje ein rådgjevar nær deg? På nettsida har me samla kontaktinformasjonen til rådgjevarar i alle kommunar i Vestland. Det er desse folka du bør prata med, dei hjelper deg med å finna dei rette verktøya og gründermiljøa til deg.


Finansiering

På Driftig.no har me samla informasjonen om kvar du kan søkja finansiering til ditt prosjekt. Du som vil starta eller vidareutvikle bedrift i Vestland treng berre å leite på ein plass, me har samla informasjonen for deg.

Kurs

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs gjennom året, og fleire kurs er gratis. Sjå kursoversikta for å finna ut kva kurs som kan passa deg.

Verktøy

Me har samla gode verktøy du som gründer, oppstartsbedrift eller prosjektleiar kan ha bruk for. 

Kva skjer?

Kalenderen gir eit oversyn over kva som skjer i fylket av aktivitetar og kurs.