Gründer heile tida…
... elvepadlar i mellomtida!
I Vestland er det enklare å kombinera friluftsliv med jobb. Start dagen på kontorfellesskapet med andre gründerar - nyt ettermiddagen på fjorden eller ned eit brusande elveløp. Uansett kva du ønskjer å drive med, så finn du hjelp til å koma i gang her.
Nettverk
Ønskjer du å treffe gründerar, næringslivsaktørar, eller kanskje ein rådgjevar nær deg? På nettsidene har me samla kontaktinformasjon til rådgjevarar i alle kommunar i Vestland. Det er desse folka du bør prata med, og dei vil hjelpe deg å koma i gang.
Finansiering
På Driftig.no har me samla informasjon om kvar du kan søkja finansiering til ditt prosjekt. Du som vil starta eller vidareutvikla bedrift i Vestland treng berre å leite på ein plass, me har samla informasjonen for deg.
Kurs
Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs heile året, og fleire kurs er gratis. Sjå kursoversikta for å finna eit kurs som høver for deg.
Verktøy
Me har samla gode verktøy du som gründer, oppstartsbedrift eller prosjektleiar kan ha bruk for.