Gründer heile tida…
... kajakkpadlar i mellomtida!
I Vestland er det enklare å kombinere padleeventyr med jobb. Start dagen med kajakkpadling kring skjær og holmar ved kysten eller inst i Sognefjorden, før alle andre står opp - avslutt dagen i kontorfellesskapet med andre gründerar. Uansett kva du ønskjer å driva med, du finn hjelp til å koma i gang her.
Nettverk
Ønskjer du å treffe gründerar, næringslivsaktørar, eller kanskje ein rådgjevar nær deg? På nettsidene har me samla kontaktinformasjon til rådgjevarar i alle kommunar i Vestland. Det er desse folka du bør prata med, og dei vil hjelpe deg i gang.
Finansiering
På Driftig.no har me samla informasjonen om kvar du kan søkje finansiering til ditt prosjekt. Du som vil starta eller vidareutvikla bedrift i Vestland treng berre å leite på ein plass, me har samla informasjonen for deg.
Kurs
Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs gjennom året, og fleire kurs er gratis. Sjå vår kursoversikt for å finne ut kva for kurs som kan passe deg.
Verktøy
Me har samla gode verktøy du som gründer, oppstartsbedrift eller prosjektleiar kan ha bruk for.