Dropp storbyen –
det er på bygda det skjer

I fylket vårt har vi ekspertar på robotar! nLink har utvikla ein robot som gjer boring i betongtak til ein leik. Det byrja med fire ingeniørar frå NTNU som fann vegen til Sogndal, for å kombinere frikøyring og livet som gründer. Dei starta med eit ganske anna produkt, men fekk raskt oppgåver som førte til nye oppstartar. I dag dreg dei til seg stadig nye folk, kundar og investorar – i takt med auka internasjonal merksemd. Det skjer litt på bygda òg.

BårdBasberg_Driftig_Facebook_Web.jpg

Nettverk

Ønskjer du å treffe gründerar, næringslivsaktørar, eller kanskje ein rådgjevar nær deg? På nettsidene har me samla kontaktinformasjonen til rådgjevarar i alle kommunar i Vestland, kunnskapsparkar, næringshagar, inkubatorar og gründermiljø. Det er desse folka du bør prate med, og dei vil sette deg i kontakt med dei rette personane for deg.


Finansiering

På Driftig.no har me samla informasjonen om kvar du kan søkje finansiering til ditt prosjekt. Du som vil starta eller vidareutvikla bedrift i Vestland treng berre å leite på ein plass, me har samla informasjonen for deg.

Kurs

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs gjennom året, og fleire kurs er gratis. Sjå vår kursoversikt for å finne ut kva for kurs som kan passe deg.

Verktøy

Me har samla gode verktøy du som gründer, oppstartsbedrift eller prosjektleiar kan ha bruk for. 

Kva skjer?

Kalenderen gir eit oversyn over kva som skjer i fylket av aktivitetar og kurs.