Dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Aksello AS og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, har inngått ei samarbeidsavtale for å styrke innovasjonsmiljøet i fylket.
– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna i kjølevatnet av dei endringane som vi ser med reduserte oljeprisar, det grøne skiftet og auka digitalisering. Dette krev omstilling og nytenkning. Ved å samarbeide tettare kan vi betre dekke det aukande behovet i fylket, fortel Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.
Behov for støtte
Det aukande behovet i gründer- og utviklingsmiljøet kjem også fram i ei marknadsundersøking gjennomført av inkubatorane hausten 2016. Undersøkinga viser at gründerar og etablert næringsliv treng meir kompetanse og ressursar innan prosjektleiing og forretningsutvikling og hjelp med å nytte offentlege verkemiddel. I tillegg kom det også fram at særleg etablerte bedrifter treng meir tid og kapasitet til å jobbe med innovasjon.
– Ved å jobbe saman kan vi tilby gründerar og etablerte bedrifter eit heilskapleg tilbod som tek hand om desse behova. I tillegg til å effektivisere ressursane våre, vil vi også auke den samla kompetansen vår slik at vi kan hjelpe fleire med rådgjeving og trekke synergiar ut av eit breiare nettverk. Dette vil sikre eksisterande arbeidsplassar, skape vekst og nye arbeidsplassar, og bidrar til gode innovasjonsmiljø i fylket vårt, seier Roger Ulvestad, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.
Felles landingsside
Aksello og Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubasjonsnettverket til Siva, eit statleg utviklingsselskap basert i Trondheim. Medan Aksello held til i Florø, har Kunnskapsparken kontor i Sogndal, Førde og Stryn. Som ein del av samarbeidet har inkubatorane oppretta ei felles landingsside på nettsida til Driftig, ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane.
På www.driftig.no/inkubator kan gründerar og etablert næringsliv finne meir informasjon om tilbodet og opptakskriteria til inkubatoren, og søke om opptak av sin idé. Ein kan også komme i kontakt med inkubatoren gjennom førstelinjetenesta i dei enkelte kommunane. Som inkubatorbedrift får ein tilgang til eit korps av dyktige rådgjevarar, moglegheit for kontorplass
mange stader i fylket, vidareutvikling gjennom ulike kurs og hjelp til å søke finansielle støtteordningar.
– Vi gler oss over dette samarbeidet og håper at vi vil få inn mange nye og spennande idéar og prosjekt. Ved å ha eit felles opptak kan vi sjå til at søkarane får den beste kompetansen kopla på sitt prosjekt, og vi vil bruke ulike ressursar frå nettverket vårt som er tilpassa kvart enkelt prosjekt, seier Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello.
– Saman ønsker vi å styrke hjelpeapparatet rundt vekstbedrifter i fylket vårt. Dei som blir tatt opp i inkubatoren vil få tilgang til eit fagleg og sosialt utviklingsmiljø som gir dei ein større sjanse til å lukkast med sin idé, presiserar Kjetil Kvåle, dagleg leiar hos Kunnskapsparken.
For meir informasjon ta kontakt med:
Aksello AS, www.aksello.no
Arne Olsen, fungerande dagleg leiar: arne@aksello.no, 975 73 599
Vanja Viken, inkubatorleiar: vanja@aksello.no, 415 70 306
Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, www.kpsf.no
Kjetil Kvåle, dagleg leiar: kjetil@kpsf.no, 952 06 574
Roger Ulvestad, inkubatorleiar: roger@kpsf.no, 938 17 336