Driftig ønskjer å levere attraktive kurs til næringslivet i Sogn og Fjordane, og trenger derfor å høyre frå bedriftene sjølv kva dei ønskjer å delta på. 3.januar 2018 introduserte nettstaden ei undersøking på Facebook der dei gir deltakarar valet mellom fire nye kurs.
Kurset som får flest stemmer blir arrangert i Sogn og Fjordane i 2018 – heilt gratis for deltakarane.
Det vil sei at vi hentar inn ein føredragshaldar som er heilt på topp i emnet, og at inngangsbilletten er gratis, seier Ingvild Andersen, redaksjonssjef for Driftig.no. Reisekostnad må deltakarane dekke sjølv.
Tidlegare har det vore arrangert kurs i fleire forretningsspesifikk emne, men vi oppnår dessverre ikkje den påmeldinga vi ønskjer, fortset Ingvild. Av dei som melder seg på kurs manglar etablert næringsliv i fylket.
For å trekke fleire av dei etablerte bedriftene med på kurs har Driftig no starta ei undersøking på Facebook der dei nemner fire moglege kurs som kan bli arrangert i 2018:
- Korleis starte ein nettbutikk
- Korleis gjere ein nettstad kundevenleg
- Kurs i presentasjonsteknikk for bedrifter
- Korleis nytte sosiale media til marknadsføring
Avstemminga vil halde på til og med søndag 21.januar, og på måndag blir resultatet klart. Kurset med flest stemmer vil bli arrangert i fylket i 2018, med atterhald om at det har kome in nok stemmer.
Vi håper at vi kan freiste med noen spennande emne med dei fire valmoglegheitene, avsluttar Ingvild. Ho er sikker på at det er mange relevante tema for næringslivet i Song og Fjordane, særleg i samband med overgangen til ein digital kvardag. Kurset vil gå på kveldstid, og når det at på til er gratis håper vi verkeleg at det skal vere lett å melde seg på, smiler Ingvild.