Veke to i Verdas Beste Sommarjobb har bydd på idéutveksling med lokale gründerar, bulgarsk kvinnesong, møte hos Amfi Sogningen, eksotisk fjelltur og ørkenblues ved Førdeelva.Veke to i verdas beste sommarjobb har bydd på idéutveksling med lokale gründerar, bulgarsk kvinnesong, møte hos Amfi Sogningen, eksotisk fjelltur og ørkenblues ved Førdeelva.
Måndag: research og Storhesten
Måndagar kan vere tunge, spesielt når det er midt på sommaren og sola steikjer ute. Etter ein lang dag med research på kontoret tok dagleg leiar på TechYard, Øyvind, oss med opp på Storhesten for å kople av. Ein veldig fin tur vi anbefaler å ta viss du er i området.
Tysdag: workshop hos Sparebanken Vest
Tysdag starta med workshop hos Sparebanken Vest. Her fekk vi lære om kva for strategiar dei nyttar når dei jobbar med B2B-sal. Møtestruktur, kjemi og oppfølging av leads var sentrale tema.
Onsdag: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Gaularfjellet
På onsdag besøkte Kristoffer Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Dei hadde også invitert gründerar med kontor hjå inkubatoren, samt lokale næringsselskap. Etter ein presentasjon av Munti Magic fekk vi mange nyttige attendemeldingar. Alle var veldig hjelpsame og delte sine tankar og idear rundt Munti Magic. Besøket hjå Kunnskapsparken resulterte også i eit givade møte hos Amfi Sogningen same dag. Der fekk vi diskutert produktet vårt med ein potensiell kunde, noko som alltid er veldig interessant.
Same dag tok Ingvild fra Driftig med Kristoffer på terrengsykling. Det var actionfylt og skremmande, men samtidig ein veldig gøy oppleving. Returen frå Sogndal til Førde gjekk om Gaularfjellet, sikksakk mellom sauer og kuar for å komme opp til utsiktsposten på toppen.
Resten av veka: kontoret og Førdefestivalen.
Resten av veka baud på vanlege arbeidsdagar på TechYard og Førdefestivalen på kveldstid. Her fekk vi med oss gruppa Mokoomba frå Zimbabwe, fleirstemt bulgarsk kvinnesong i Førde kyrke, og kongane av ørkenblues, Tinariwen frå Mali.
Kommande veke
Den kommande veka skal vi besøke Sunnfjord Utvikling, sjå på moglegheitane for å få utplassert ein prototype av Muntibox på eit nærliggande kjøpesenter og få testa vatnet på havsportfestivalen Våt Moro i Florø. Følg oss på Instagram Stories her.
- Håkon og Kristoffer