I dette innlegget kan du lese om vår første veke i Verdas Beste Sommarjobb. Vi har teke tempen på innovasjonsmiljøet i Førde, rafta ned Førdeelva, gjort business, utfordra høgdeskrekk og blitt overvelda av rå natur.
Måndag: introdag
Måndag 26.juni blei vi innlosjert på Techyard, ein innovasjonshub i Sogn og Fjordane med base i Førde. Her finn du blant anna lovande startups, coworking space og fablab / makerspacelokal. Kontoret vårt er fullt med alt fra dronar til 3D-printarar, demonterte sykebilar og hengekøyer. Altså ein bra stad å sleppe kreativiteten laus og byggje, progge eller møte nye menneske.
Autoforum Førde sytte for at vi fekk ein flunkande ny gründer-mobil med fartsstriper og feite felgar. Klare for å ta Førde med storm drifta vi ned til Dolly Dimples der det var duka for storslått pizza-party med Innovasjon Noreg, gutta frå Tibber og VBS-koordinatorane, Allan og Ingvild. Ein særdeles triveleg affære og vi fekk moglegheita til å smørje Innovasjon Noreg, med rømmedressing..
Tysdag: kontoret
På tysdag hadde vi ein reindyrka arbeidsdag og fekk ein fantastisk tur på Hafstadfjellet på kvelden.
Onsdag: workshop
På onsdag hadde vi ein veldig nyttig workshop med Geir Opseth frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Han sparra om eigarforhold i oppstartsbedrifter og hjalp oss med å utvikle ein aksjonæravtale for vår oppstart.
På kvelden feira vi ein produktiv arbeidsdag med quiz på Pikant med nyerverva sognevennar. Bygutar møtte bygdelivets utfordringar og endte opp med å vasse til utestaden.
Torsdag: kundemøte
Torsdag var ein stor dag for gutta. Vi fekk vårt første kundemøte i Sogn og Fjordane, og eit vellykka eit såvel. Vi møtte Anne Karin som var er senterleiar for Elvetorget i Førde. Ho likte prosjektet veldig godt og ei avtale til hausten er allereie under diskusjon. Elles hustler Håkon seg gjennom ⅔ av Førdes treningssenter på gratis prøvetime i jakta på verdas beste sommarkropp.
Fredag: rafting
Etter ein varm dag på kontoret trengte vi å koble av. Vårt første møte med elva i Førde var så vellykka at vi bestemte oss for å rafte ned elva. Vi starta ved sjukehuset og rafta på kvar vår gummibåt ned til sentrum. Tilrådast.
Laurdag: Via Ferrata
Med utsikt til godvêr på laurdag løyste vi inn ei gåve frå Loen Active: Klatretur opp Via Ferrataen i Loen. 1000 høgdemeter, spektakulær klatring og fantastisk utsikt. Om man skal vere ærleg så kitla det litt i tissefanten når vi måtte ta oss over Europas høgste hengebru. Vi tilrår turen til alle som liker å leve i nuet. 6 timar opp ble redusert til 10 minutt ned att med den nye pendelbana.
Neste veke
Neste veke tek vi turen til Sogndal for å møte inkubator-/gründermiljøet på Fosshaugane Campus, gå Storehesten, ha eit møte Innovasjon Noreg, utforske Førdefestivalen og mykje meir.
- Håkon og Kristoffer