Etablerarkurs
I Sogn og Fjordane kan du delta på etablerarkurs i alle dei fire regionane i fylket:
- Sunnfjord - Førde - oppstart 1.6.16 - FULLT!
- Nordfjord - Nordfjordeid - oppstart 15.9.16
- Sogn - Sogndal - oppstart 27.10.16
- HAFS - oppstart tidlig 2017
Etablerarkurs er for deg som treng kompetanse og rådgjeving i samband med utvikling av eigen forretningside, eller bare er nysgjerrig.
Etablerarkurset byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.
Kurset gir ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess. Deltakarane får tilbod om individuell oppfølging.
Etablerarkurs går over tre samlingar, med to kveldssamlingar og ei samling med overnatting. Kurset er utvikla av Innovasjon Noreg og fylkeskommunen, i samarbeid med næringsselskap, kommunar og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Det er gratis å delta.
Temakurs
I Sogn og Fjordane kan du delta på temakurs i dei fire regionane i fylket. Temakursa er for dei som treng kompetanse på spesifikke tema innan forretningsdrift. Det vert tilbode kurs innan fire tema: økonomi, forretningsmodellering, sal og investorkapital.
Temakurs er sponsa av fylkeskommunen. Kursa vert halde som kveldskurs. Det er gratis å delta.
Temakursa vil starte opp sensommeren 2016. Meir informasjon kjem nærare.
Kurs, events og nettverk
Du kan søkje på fleire ordningar som er skreddarsydd for deg som etablerar.
Innovasjon Noreg
Innovasjon Noreg tilbyr kapital, rådgjeving, nettverk og kurs og mentorordning.
Connect Vest
Connect Vest er ei non-profit medlemsforeining som hjelper gründerar og vekstselskap ved å kople dei mot kompetanse og kapital.
Connevt Vest tilbyr tenester gratis for gründerar og vekstselskap, og foreininga er finansiert gjennom medlemsinntekter, samarbeidsavtaler og offentlege tilskot. Connect Vest gjev medlemmane tilgang på informasjon om nye vekstselskap og løysingar, ny kompetanse, nye kundar, nettverk og investeringsmuligheiter. Connect Vest er del av eit nasjonalt og internasjonalt nettverk.
Kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane for meir informasjon om Connect Vest.