Treng du hjelp til og kome i gong med eiga verksemd? Då er kurset «1-2-3 Etablering » perfekt for deg!
Mange lurer på kva selskapsform dei skal velje, kva dei skal kalle verksemda si, kvar verksemda skal registrerast, kva rettar og plikter dei har, og korleis få oversikt over økonomi og skatt.
Dette kurset gjev deg rask og naudsynt oversikt over kva du må gjera og kva formalitetar du må ha på plass for å få verksemda opp å gå.
Kurset kostar 300 kr og varer i 3 timar.
Kurset er arrangert av Etablerarsenteret. Etablerersenteret er eit offentlig tilbod til gründerar, og er eit spleiseslag mellom tidlegare Hordaland fylkeskommune og kommunane som høyrde til fylket før samanslåinga.