Fredag 4. september arrangerer NORA webinar om utlysning til prosjektstøtte. Har du ein idé om eit godt samarbeidsprosjekt, eller har du allereie starta på ein søknad, bør du følgje med her. Det vert òg høve til å stille spørsmål!
Nordisk Atlantsamarbejde (NORA) ynskjer å styrke samarbeidet i Nordatlanteren. Som eit av verktøya til å nå dette målet gjev NORA to gonger i året støtte til samarbeidsprosjekt med partnarar frå minst to av dei fire NORA-landa: Grønland, Island, Færøyane og Kystnorge.
Søknadsfristen er 5. oktober 2020.