Velkomen til frukostwebinar om internasjonal netthandel!
Skal du satse på internasjonal netthandel? Då kan det vere lurt å setje av ein time saman med eksportsenteret til Innovasjon Noreg. I dette frukostwebinaret vil dei kome med tips til kva som er viktig å tenke på for deg som planlegger netthandel til andre land.
Webinaret vil handle om
juridiske aspekt
toll- og meirverdiavgift
logistikk og lagerhandtering
Webinaret passar for deg som har ambisjonar om å selje produkt til privatpersonar (B2C) online internasjonalt.
Du får lenke til webinaret på epost etter at du har meldt deg på.