På treffpunkt onsdag 16. mars treffer du Iver Belle-Ramos frå Bergen Næringsråd som skal snakka om mangfald og inkludering i bedrifter og organisasjonar. Bli med du òg.
Treffpunkt er gratis frukostmøte – Alle er hjarteleg velkommen til å delta.
Iver er næringspolitisk rådgivar i Bergen Næringsråd og leier prosjekta Bergen Opportunity og Styrekandidaten. Han har ei master i arbeids- og organisasjonspsykologi, og er opptekne av korleis bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar kan ta ut potensialet i mangfald. Iver vart kåra til «Årets Mangfoldsstemme i Næringslivet» i 2021 av konsulentselskapet Big Enough Global.