Teknoløft inviterer til dialogkafé på Skei!
Dato: 7.november
Tid: Kl.10-14
Stad: Skei
Gratis
Høgskulen, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken og Sintef inviterer næringslivet til dialog om behova i næringslivet for etter- og vidareutdanningstilbod, studentoppgåver, kva relevante case stipendiatane i prosjektet kan bruke i sine forskingsprosjekt, og kva andre mogleg former for samarbeid næringslivet ynskjer mot prosjektet.
Frå kl 10-14 (lunsj 12) er og IT-studium i fylket og nettverking på agendaen. Prosjektet og deltakarane vil kort presentere seg. Kva Big Data og robotisering er blir forklart. Eli Nummedal, HVL, fortel om dagens IT-studium, studentar og mobilisering framover og Anne Mette Hjelle inspirerer med erfaringar med nettverk, jenter og teknologi, godt supplert av Jøril Hovland frå Kunnskapsparken.
Størstedelen av arrangementet går ut på å høyre på behov og idear frå næringslivet vårt og god dialog.
Møt sjølv og/eller send ein medarbeidar!