• Thon Hotel Måløy (map)
  • Gate 1, 45
  • 6700 Måløy

Strategikurs - enkle grep for auka lønsemd

  • Dato: 18.september

  • Tid: kl. 16:30-20:30

  • Stad:Thon Hotell Måløy

  • Gratis

 

Kurset er eigna for små og mellomstore bedrifter, samt gründerar. 

Kurshaldar er Claus Gladyszak, Innovasjonsrådgjevar hjå Innovasjon Norge. 

Kurset vert arrangert som ein del av Innovasjonsveka OPP - Innovasjonsfestivalen på Vestlandet!


Tema:

Mange små og mellomstore bedrifter er opptekne med dagleg drift og har ikkje tid til å gjere store strategiske analysar. I dette kurset får du døme på enkle verktøy som sparar bedrifta for tid og likevel gir direkte effekt på drifta, og som gjer deg betre i stand til å handtere alle endringane som kjem til å påvirke di bedrift framover.

Det blir enkel servering ved ankomst med påsmurde bagettar, kaffe/te, kald drikke og frukt.