Få hjelp til å skrive søknad for din bedrift!
Norges Forskingsråd, i samarbeid med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune, inviterer til skriveverkstad for bedrifter som er interessert i SkatteFunn-ordninga.
Dato: 14.august
Tid: kl. 10-15
Stad: Thon Hotell Jølster, Skei
Har du planar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Eller har du ein idé om korleis di bedrift kan produsere på en smartare måte? Søk SkatteFUNN og få 18-20% skattefrådrag av prosjektkostnadane.
Velkommen til SkatteFUNN-skriveverkstad 14. august! Du får informasjon frå Forskingsrådet om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt.
Meld deg på her:
https://forskningsradet.pameldingssystem.no/skriveverkstad-skattefunn-skei-onsdag-14-august
På skriveverkstaden jobbar du med ditt prosjekt og får rettleiing til utfylling av søknadsskjema med målsettingar, FoU-utfordringar og aktivitetar. Vi vil gå trinnvis gjennom søknaden og gi råd undervegs. Hugs å ta med PC/nettbrett.
I tillegg er rådgjevarar frå Forskningsrådet og Innovasjon Norge tilgjengeleg for dialog om vidare finansieringsmoglegheiter. Du kan også diskutere moglegheiter for bedriftsutvikling med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, som stiller med forretningsutviklar. Sogn og Fjordane fylkeskommune informerer om regionale ordningar for forsking og innovasjon.
Program:
09:30 Kaffien står klar
10:00 Velkommen
10:05 Regionale ordningar for forsking og innovasjon
10:15 SkatteFUNN – Kva og korleis?
•SkatteFUNN som verkemiddel
• Kva er søknadskriteriene?
• Kva aktivitetar kan bli finansiert?
• Kva er eit godt SkatteFUNN-prosjekt?
• Gjennomføring og rapportering
• Eksempel på prosjekt
11:00 Slik kjem du i gang:
• Innlogging og oppretting av søknad
• Søknadsskjema
11:30 Lunsj
12:00 Skriveverkstad
Her får du rettleiing til arbeidet med din søknad
14:45 Oppsummering og vel heim!
SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Finn meir informasjon om ordninga her: https://www.skattefunn.no/
Velkommen!