I samarbeid med Sognefjorden Næringshage og Sellit AS inviterer Sogn Næring AS til kurs for bedrifter innan reiseliv, handel, servering, tenesteyting og og anna næringsliv der ein har fokus på sal:
Onsdag 6. april:
I Aurland eller Lærdal*: Klokka 09:00
I Vik eller Sogndal*: Klokka 16:00
* Kursstad blir vald utfrå tal påmeldte
Med enkle metodar og humoristisk vinkling, får du historiar og eksempel du garantert kjenner deg igjen i. Desse kan du lære av for å styrke salet, eigenmotivasjon eller rett og bli inspirert!
Kurset er basert på erfaringar Sellit har plukka opp dei siste 15 åra frå nokre av Skandinavias aller beste selgarar i reiseliv, handel og tenesteyting og korleis dei tenker sal og jobbar med å motivere seg sjølv og omgjevnadane.
Kurset høver for alle i organisasjonen som har kundekontakt.
Varighet:
3 timar. Leiarar blir invitert til eit tilleggskurs på 1 time: «Slik skaper du en lønnsom salgskultur..!» i fortsetjinga av kurset.