Føremålet med kurset er at du skal få ei grunnleggande forståing av salsprosessen. Vi kjem til å lære at god førebuing og planlegging er langt viktigare enn medfødte salseigenskapar!
Kursinnhald og arbeidsmåte
På kurset vert det veksla mellom presentasjonar frå kursleiar og praktisk arbeid med eigen forretningsidè eller verksemd. Kursleiar går gjennom verktøy for salsplanlegging, kva jobb vi skal gjere for kunden, og arbeid med detaljar i leversansen. Kurset er lagt opp til å ha god dialog og til å lufte eigne problemstillingar. På denne måten håpar vi at kurset vert mest mogeleg praktisk retta og nyttig for alle deltakarane.
Viktige tema
Korleis finn vi kunden sitt eigentlege behov
Detaljane i leveransen, kundereisa som verktøy
Salsteknikk i teorien
Avsluttingsteknikkar
Fallgruver
Salsplanlegging, presentasjon av eit verkøy
Korleis komme i kontakt med kunden og vekke interesse
Service og kundehandsaming
Meirsal og kundetilfredsheit
Korleis førebur du deg
Ta med skrivesaker, bærbar PC, og eige arbeid eller notat om idèen din.
Det vert enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.
Kurset er gratis.
Vel møtt!