Har du ambisjonar om å utvikla eit nytt produkt eller ny teneste for ein nasjonal eller internasjonal marknad?
Då er Kunnskapsparken Vestland sitt program for RASK OPPSTART ein unik moglegheit for deg. Du vil i løpet av 4 samlingar og ein-til-ein oppfølging få rådgjeving frå erfarne forretningsutviklarar om korleis du raskt og smidig kan realisera idèen din. Du vil òg møta andre gründerar for erfaringsutveksling og nettverk.
Tema på samlingane
Programmet går over tre månader og består av 4 samlingar med fyrste samling 10.12.2021.
Det blir 1:1 oppfølging mellom samlingane.
Samling 1 - Kven er kunden?
Samling 2 - Kva kan du gjera for kunden og korleis kjøper kunden produktet ditt?
Samling 3 - Korleis tena pengar og korleis designa og utvikla produktet?
Samling 4 - Korleis skalera og veksa, og korleis laga ein god pitch?
Programmet er finansiert av Kunnskapsparken Vestland, SIVA og Vestland fylkeskommune, og er gratis for deltakarane.