- Dato: 25.september 2018
- Tid: Kl. 09:00-15:30
- Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Storehagen 2, Førde
- Pris: NHO medl. kr.1900 (ordinær pris kr2900), Ikkje-medl. kr.3800 (ordinær pris kr.5800) (prisar eks mva.)
Auk sjansen for å nå opp i offentlege anbod - aleine eller i lag med andre bedrifter
Lær om dei nye reglane i offentlege anskaffingar frå A til Å. Er du oppdragsgivar eller skal levere tilbod til det offentlege, må du kjenne regelverket.
Bygg kompetanse i offentlege anskaffingar i bedrifta. På dette kurset lærer du korleis du blir ein god oppdragsgivar og korleis du blir ein god tilbydar til offentleg sektor.
Kurset inneheld
- Planlegging og kunngjering, m.a. dialog mellom oppdragsgivar og leverandør.
- Prosedyrar, m.a. rammeavtaler.
- Konkurransegrunnlag. Kvalifikasjonskrav, kravspesifikasjon, kriterier for val av tilbydar og tildelingskriterier.
- Kontraktsvilkår, bruk av underleverandørar og oppdeling av anskaffinga.
- Avvising, oppseiing og endringar i kontrakten.
- Seriøsitetsvedtak i kontrakten.
Praktisk og føresetnader
- Deltakaravgifta inkluderer servering og kursbevis.
- Kurset kan avlysast ei veke før kursdato dersom det er for få påmeldte.
- Ved avmelding seinare enn 10 dagar før kursstart blir deltakar belasta full deltakaravgift.
- Faktura sendast i etterkant av gjennomført kurs.
Om kurshaldar Arnhild D. Gjønnes
- Advokat i NHO
- Stipendiat og mastergrad frå Vrije Universiteti Brussel
- Leder for BusinessEurope si arbeidsgruppe om offentlege kontraktar og anskaffingar
- Skrevet bok om EØS-avtalen og offentlege anskaffingar
NHO Kurs og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane samarbeider om gjennomføringa av kurs om offentlege anskaffingar i Førde. Dette medfører spesielt gunstig pris for deltaking for dette kurset både for NHO medlemar og ikkje-medlemar.
Kontakt:
Berit Boneng Wesenlund
Mobil 920 98 804