Nettbasert etablerarkurs i region Sogn og Fjordane - #1

Har du ein idé og lyst til å starte bedrift? Eller ønskjer du å vidareutvikle ein ny forretningsidé i bedrifta di? Lurer du på korleis du skal gå fram for å finne ut om du skal satse på dette?

Nettbasert etablerarkurs vert køyrd 3 gonger hausten 2020. Kurset går over ni nettbaserte samlingar. Det fyrste kurset har oppstart kl. 19.00 kvar gong, dei to neste har oppstart kl. 16.30. Kursstart for kvar bolk er 13. okt, 2. nov og 23. november.

Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla! Programmet er gratis.

Skjermbilde 2020-05-07 kl. 10.02.46.png

I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du hjelp og rettleiing til å svara på spørsmål som:

  • Kva vil det krevja av meg å vere ein entreprenør og satsa på min eigen idé?

  • Korleis kjem eg i gang? Og kvar bør eg starta? 

  • Kven kan hjelpa meg – korleis?  Og kva må eg sjølv gjera?

Entreprenørskap handlar om å oppdaga og undersøka moglegheiter til å skapa varer og tenester

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo 

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Det nettbaserte programmet går over 18 dagar og består av 9 nettbaserte-samlingar på 60-90 minutt kvar. Mellom samlingane arbeidar du med å utvikla forretningsideen din og du vil òg få individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.

Kven passar dette for? 

Programmet passar for deg som tenker på å starta ei bedrift eller har eit prosjekt som du ønskjer å vidareutvikla. Kurset er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eigen kompetanse om entreprenørskap og få råd og rettleiing i samband med utvikling av eigen forretningsidé. Programmet er lagt opp slik at du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre i same situasjon.


Program hausten 2020

I løpet av 9 nettbaserte samlingar får du svar på dette - og mykje meir. Mellom samlingane får du arbeide med å utvikle prosjektet ditt, og du får individuell oppfølging av rådgjevarane våre.

Alle samlingar er nettbasert og startar kl. 19.00

Kurs #1 – Start kl 19

13/10 - Introduksjon: en moderne entreprenørskapsmetode

15/10 - Formål: egen motivasjon, verdier og mål – og dine Ressurser

20/10 - Forretningsidé, kjernekompetanse, kjernebidrag og kjernemarked

22/10 - Forretningsmodell - samskaping, verdiløfte, produktegenskaper, økosystem og partnere, salgs- og prismodell

27/10 - Mål - hvordan overføre strategi og forretningsmodell til daglig utvikling?

29/10 - Hvilke oppgaver er nødvendig å gjøre for å nå målene dine?

03/11- Økonomi, inntjening, likviditet og finansiering

05/11 - Presentasjoner og avslutning