Temakurs i økonomi og rekneskap
Målet med kurset er å auke økonomiforståinga og gje nokre verktøy inn i arbeidet med å skape oversikt og planlegge økonomien i bedrifta.
Korleis arbeider vi oss gjennom kurset:
Vi vekslar mellom presentasjonar og praktisk arbeid med eigen forretningsidé/bedrift. Vi viser døme på reknearkmodellar som vi kan nytte i eige arbeid. Og så legg vi opp til mykje dialog og lufting av eigne problemstillingar slik at kurset vert mest muleg praktisk retta for deltakar.
Viktige tema vi er innom:
- Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse
- Analyse av rekneskapet
- Viktige nøkkeltal
- Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett
- Kva må vi førebu til rekneskapsførar
- Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om
- Kort om mva, skatter og avgifter
- Korleis leitar vi etter forbetringar
- Måle forbetringar
- Kva faresignal skal vi sjå etter
- Ulike selskapsformer
Korleis førebur du deg:
- Ta med skrivesaker og gjerne bærbar PC
Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging