Norsk arbeidsliv er eit av verdas tryggaste alternativ, både med tanke på løn og inntekt, men óg høve til å kombinera karriere med familieliv. Likevel vel nokon å jaga gründertilveret. Kvifor det? 22. Juni inviterer First Tuesday Bergen, i samarbeid med Bergen.Works, til samtalar om kvifor nokon vel å driva entreprenørskap. Vi får óg ei innsikt i nokre av programma Bergen.Works jobbar for, mellom annet deira nye inkubasjonsprogram GründerLab, samt arbeid for sosial innovasjon i Jobloop og Kodehode. Berekraft er meir enn berre grønt!