AVLYST
Velkomen til kurs i økonomi og rekneskap
Flåmsbrygga Hotell, Flåm, 14.november 2019
kl. 16:30-20:30
Målet med kurset er at du skal få betre økonomiforståing. Du skal òg få nokre verktøy du kan nytte for å kunne planlegge økonomien i verksemda di.
Kursinnhald og arbeidsmåte
På kurset vert det veksla mellom presentasjonar frå kursleiar og praktisk arbeid med eigen forretningsidè eller verksemd. Kursleiar går gjennom reknearkmodellar som du kan bruke i eige arbeid. Kurset er lagt opp til å ha god dialog og til å lufte eigne problemstillingar. På denne måten håpar vi at kurset vert mest mogeleg praktisk retta og nyttig for alle deltakarane.
Viktige tema
Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse
Analyse av rekneskapet
Viktige nøkkeltal
Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett
Kva må vi førebu til rekneskapsførar
Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om
Kort om mva, skatt og avgift
Korleis leitar vi etter forbetringar
Måle forbetringar
Kva faresignal skal vi sjå etter
Ulike selskapsformer
Korleis førebur du deg
Ta med skrivesaker, bærbar PC, og eige arbeid eller notat om idèen din.
Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.
Kurset er gratis.
Vel møtt!