26.mai er alle som ynsker å bidra med arrangement, aktivitetar og kunnskapsdeling under Innovasjonsuken OPP 2021 invitert til kick off og idèmøte!

Digital kick off og idémøte

Innovasjonsuken OPP er tufta på den gode dugnadsånda som det er tradisjon for på vestlandet. Innhaldet i innovasjonsuken er det aktørane sjølve som står for, medan OPP jobbar for koordinering, samarbeid, deltaking og utvikling av konsept som fleire kan delta på. Tidlegare og potensielle arrangørar blir invitert for å koma med idéar til arrangement, stad for gjennomføring, tema og føredragshaldarar.

Viderefører suksessen

Under innovasjonsfestivalen i fjor vart det utvikla fleire konsept som la til rette for digitale arrangement, høve for små samlingar og auka nærvær i heile Vestland.

- Vi ynsker å gjenta suksessen, og planlegg å besøkja fleire spennande innovasjonsmiljø, gründerar, investorar og etablerte bedrifter på vestlandsturneen, OPPtur. I tillegg vil me saman med akademia vidareføre OPPkvikker som er faglege frukostsendingar saman med kunnskapsmiljø i Vestland og gjennomføra fleire innovasjonssamtalar for å løfte fram spennande intiativ i næringslivet, fortel styringsgruppeleiar, Rolf Sørland frå Innovasjon Norge Vestland.

Oppfordrar alle til å bidra

- Me ynskjer å mobilisera heile Vestland for å arrangera aktivitetar og arrangement 13.-19.september. Me oppfordrar studentmiljø, næringsliv og innovasjonsmiljø til å bidra med idéar til årets innovasjonsfestival, sier festivalsjef Christina Sundli-Härdig. 

PÅMELDING TIL DIGITAL KICK OFF OG IDEMØTE

ARRANGEMENTKALENDER FOR 2020