Velkommen til Spydspiss 2017
Er du nysgjerring på kva som rører seg i Gulen og Masfjorden kommunar? Vil du møta ulike verksemder, eller er du arbeidsgjevar og har behov for fleire tilsette?
Torsdag 23.11. kl. 16.30 arrangerer Gulen og Masfjorden Utvikling og NAV jobbmesse i Vidsyn, Sløvåg. Det vert også høve til å øve på intervju med eit speed-intervju, og du får høyre korte presentasjonar frå arbeidstakarar i ulike verksemder. I tillegg vil Christel Daae fortelje om sine erfaringar med å flytte heim og etablere ny verksemd, Optikar Christel Daae as.