- Dato: 12.09.17
- Stad: Skei hotel, Jølster
- Tid: Kl. 10-14
- Påmeldingsfrist: 2017-08-20 kl.23:59
- Kontaktperson: Reidun Aasen Nesheim
- Gratis
Investorkapital som ressurs for auka verdiskaping
Korleis kan ekstern investorkapital bidra til å realisere vekstambisjoner hjå bedrifter i Sogn og Fjordane?
Bedrifter frå fylket deler sine erfaringar med regionalt og internasjonalt eigarskap, og me får input på kva investorar vektlegg i sine vurderingar når dei søkjer etter nye bedrifter å investere i.
Per Christian Stensland frå Invest in Norway deler sine erfaringar ift kva som må til for å tiltrekke utenlandske investeringar til Norge
Lokale bedrifter deler sine erfaringar med internasjonalt eigarskap;
Norva 24 v/ ArildBødal, Sogn Aqua v/ Jonny Marøy og Lefdal Mine Datacenter v/ Sindre Kvalheim, regionale investormiljø fortel kva dei ser etter ift nye investeringar, og Tore Frimanslund fortel om SGN Skis sin prosess med Crowd-funding.
Vi håper du finn programmet interessant og vil delta på Investordagen.